Hopp til hovedinnhold

Skjenkekjele fra Il-O-Van

Hugsar du denne runde og elegante kaffikjelen? Har du sett den på farmors komfyr, eller kanskje på hylla i den overfylte bruktbutikken?

I historia til Il-O-van og Høyang Polaris er den fargerike elokserte skjenkekjelen omtalt som verksemdas mirakelprodukt. Kaffikjelen vart lansert i 1951 og var utforma av industridesignaren Torbjørn Rygh. Den runde forma og den mjuke overgangen mellom kjelen sin botn og side ga den raskt tilnamnet «Vørterkaka». Kjelen vart levert i tre storleikar: 1,1 liter, 1,6 liter og 2,5 liter. Den første varianten var blankpolert med raudt eloksert lokk og fast skaft, men etter ei stund vart det faste skaftet erstatta av eit bøyeleg.

Då verksemda i 1959 begynte å eloksere kjelane i fargene raudt, blått, «mokka», «kopar» og svart, med lokk og skaft i gull, tok salet av. Frå midten av 1960-tallet vart det kvart år levert over 100.000 skjenkekjelar til inn- og utland. Etterspurnaden var enorm, og i fabrikken måtte dei tenke nytt og utvikle nye produksjonsmetodar for å produsere fleire kjelar i raskare tempo. Det vart reist ny fabrikk med eigen elokseringsavdeling på Høyda i Rygge kommune i 1964. Med denne slapp ein å sende kjelane fram og tilbake over fjorden for eloksering i Horten.

I 1976, etter nær 800 000 produserte einingar, var det slutt på produksjonen av dei fargerike skjenkekjelane. Tida, moten - og kanskje kaffitraktaren, gjorde at forbrukarane ville ha andre produkt. I dag er det mange som har gode minner om den, og den klare fargen og den runde og elegante forma gjer den enno populær. Om den ikkje lenger er å sjå på farmors gamle komfyr, så skin den kanskje opp i ditt moderne kjøkken?

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1